Hopp til innhold

Tuberkulose påvist i Bergen

Ein barnehage i Bergen vert no sjekka for tuberkulose, etter at det er registrert eit tilfelle av sjukdommen. Det skriv BA. Smittevernoverlege Kari Stidal Øystese seier til avisa at det ikkje er snakk om eit tuberkulose-utbrot. – Vi kallar no ei rekke menneske som har vore i kontakt med vedkommande inn til undersøking.