Hopp til innhold

– Sabotasje årsak til vasslekkasje

Leiinga ved Toftøy skule i Øygarden trur sabotasje var årsaka til vasslekkasjen på rundt 300 kvadratmeter. – Nokon hadde latt ei kran stå og renne. Truleg er det ei form for sabotasje, for det var ein papirpropp i vasken, seier rektor Arne Petter Solberg til BA. Det skal ikkje vere større skadar på skulebygget.