Hopp til innhold

Leiinga i ishockeyklubb trekk seg

Styreleiaren, sportssjefen og økonomisjefen i Bergen Hockey gir seg med umiddelbar verknad, melder BA. Klubben har slite med store økonomiske vanskar det siste halvåret. Noregs Ishockeyforbund tok frå klubben lisensen for spel i 1. divisjon denne veka, fordi klubben ikkje makta å levera ein godkjend rekneskap.