Hopp til innhold

Vil fengsle mann for vald og truslar

Ein mann i 20-åra vert måndag framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett, mistenkt for brot på besøksforbod, truslar og skremmande åtferd. Mannen vart arrestert natt til søndag. – I april fekk han besøksforbod mot ein ekskjærast i Nordhordland. Mannen er ein kjenning av politiet, og er tidlegare dømd for vald, truslar og vinning, seier politifullmektig Ingrid Postvoll.