Kripos etterforskar trusselbrev
Kripos er no kopla inn i etterforskinga av eit trusselbrev til ein byråd i Bergen. Kripos skal mellom anna sikre fingeravtrykk og DNA av det beslaglagde brevet, skriv BA. Førebels er det ingen mistenkte eller sikta i saka.