Hopp til innhold

Kvinne funnen etter leiteaksjon

Politet fekk kontakt med den sakna kvinna like over klokka halv 3 i natt. – Patruljen avslutta aksjonen 02.39. Alt var ok med kvinna, seier operasjonsleiar Terje Magnussen. Politiet fekk telefonar som indikerte at det var trong for innsatsstyrkar på sjø og i luft. Difor deltok helikopter og dykkarar i søket ved Sælenvannet i Fyllingsdalen. Desse blei kalla tilbake tidleg. Ein politipatrulje fann kvinna i god behald, og tok henne med til legevakta.