– Toppe skaper utryggleik
Ruth Grung (Ap) reagerer sterkt på Kjersti Toppe sin kommentar til at helseminister Bent Høie lovar at beredskapen i Odda skal haldast dagens nivå. – Toppe skaper uro og utryggleik, noko ho ikkje har grunnlag for. Føringane som helsekomiteen har fått frå Høie gir klare rammer for framtida til Odda sjukehus som akuttsjukehus, seier Grung.