Hopp til innhold

Vil gå til sak etter oppseiing

Fellesforbundet vil gå til sak etter at hovudtillitsvald i Karsten Moholt AS blei sagt opp, melder BT. Askøy-bedrifta har lengre tid vore i ein nedbemanningsprosess. Fellesforbundet vil gå til søksmål for det dei meiner er ei uriktig oppseiing av den tillitsvalde, men Karsten Moholt-leiinga meiner oppseiinga er gjort på riktig måte.