Hopp til innhold

Store skadar etter brann

Kontorbygget som brann på Damsgård på onsdag har fått store ytre skadar. Huseigaren fortel at dei førebels har fått taksert skadane til mellom 800.000 og ein million kroner. – Delar av bygget kan heller ikkje brukast, spesielt har vi problem i toppetasjen der det kom inn mest røyk, seier Knut Herman Gjøvaag.