Hopp til innhold

Rydda etter ulukke

På fv. 562 er det rydda etter eit trafikkuhell ved Ravnanger på Askøy, og trafikken går som normalt igjen. Ein bil køyrde inn i fjellveggen, men det er ikkje snakk om alvorlege personskadar. – Den kvinnelege sjåføren var åleine i bilen. Ho er tilsett av ambulanse, og vert no køyrd heim av politiet, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen.