Hopp til innhold

Mykje røyk frå einebustad

Naudetatane er på veg til Kvinnherad, der det er meld om mykje røyk frå ein einebustad i Uskedalsvegen. Politiet opplyser at det brenn i andre etasje i huset. – Det er meld om sprekkar i vindauga og røykvarslarar som pip, fortel operasjonsleiar Morten Kronen. Seks personar er registrert på adressa, men det er uvisst om desse er heime.