Hopp til innhold

Ungdommar som leikesloss

Forbipasserande melde i kveld frå om eit slagsmål i Fjøsangerveien i Bergen. Då politiet kom fram viste det seg at det ikkje var alvorleg. – Det er snakk om ungdommar som har leikesloss, og ingen er skadd. Det såg nok verre ut enn det var, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor.