Hopp til innhold

Bustadprisane stig i Bergen

Bustadprisane i Bergen steig med 1,7 prosent i januar. Dette er ei svakare utvikling enn landet sett under eitt, som viste ein oppgang på 2,8 prosent. Det vart seld 442 bustader i Bergen i januar, noko som er 11,1 prosent fleire enn i tilsvarande månad i fjor.