Hopp til innhold

Jaktar framleis gut etter overfall

Politiet leiter framleis etter ein gut som overfall ei skulejente på Sandsli i Bergen i går ettermiddag. Jenta var på veg heim frå Aurdalslia skole, men blei ikkje fysisk skadd. – Vi ser hendinga i samanheng med ei liknande hending i same område i desember, der ein skulegut opplevde omtrent det same, seier Tore Norheim ved Bergen sør politistasjon.