Hopp til innhold

Lunde Pedersen går for medalje

Sesongbeste for Sverre Lunde Pedersen i går. I dag er osingen Noregs medaljehåp i allround-EM i skøyter. 1500-meter byrjar 14.10. – Kramer er nok umogeleg, men på ein god dag kan eg slå Blokhuisen. Eg går for medalje.

Sverre Lunde Pedersen gjekk 5000 m på 6.20,17 og tok leiinga i EM.
– Sverres beste løp denne sesongen, bortsett frå sisterunden, sa NRKs Even Wetten. Ingen rundar var over 30,2 før sisterunden på 31,3.