Hopp til innhold

Væpna aksjon i Sandviken i natt

Polititet valde å væpne seg då ein mann i 60-åra trua med å knivstikke sambuaren sin i Sandviken i natt.
– Når vi får meldingar om at folk har våpen, pleier vi å væpne oss for å vere på den sikre sida. Sinte menn med kniv kan vere farleg, seier operasjonsleiar Lars Geitle. Kvinna hadde klart å låse ute mannen då politiet kom, og hadde ikkje kniv på seg. Mannen blei arrestert utan dramatikk.