Hopp til innhold

Innbrot i butikkar i Bergen

Politiet har rykka ut til Kong Oscarsgate i Bergen, der det er meldt om innbrot i to butikkar. Det er ein frisør og ein klesbutikk som har fått ubedne gjestar. Førebels er det ikkje kjent kva innbrotstjuvane har fått med seg. Ingen er arresterte, opplyser politiet.