Hopp til innhold

Brann i buss på veg til Bergen

Ein buss i rute frå Stavanger til Bergen vart evakuert etter røykutvikling ombord i bussen, det skriv Bergens Tidende. Bremsene på bussen skal ha teke fyr, og ein bubil som køyrde bak bussen nytta brannsløkkingsapparatet sitt for å få kontroll på brannen. Brannvesenet held no på med å undersøkje bussen, skriv avisa.