Hopp til innhold

Nekta å lyda – hamna i kasjotten

Éin person hamna på glattcella i Bergen etter at han nekta å følgja eit pålegg frå politiet.

– Mannen var involvert i eit slagsmål i Strandgaten, og fekk pålegg frå politiet. Det ville ikkje mannen følgja. Han sit no i kjellaren på politihuset, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.