Hopp til innhold

Turgåarane er komne til rette

Dei to turgåarane som vart etterlyste ved Trolltunga har vore i telefonkontakt med familien. Turgåarane er om lag to kilometer frå parkeringsplassen i Skjeggedal. – Dei er ikkje skadd, men er slitne og ynskjer å verta henta. Me vurderer no korleis me skal løysa situasjonen, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.