Hopp til innhold

Os: Brann i einebustad

Klokka 17:30 melde Bergen brannvesen om automatisk brannalarm i ein einebustad i Os sentrum. – Det er røyk i heile huset. Røykdukkarar er inne og lokaliserer brannen. Ein person var i huset, men kom ut i god behald, fortel vaktkommandør Sigbjørn Villanger.