Hopp til innhold

Bli asylmottak på Radøy

Det blir etablert asylmottak for einslege mindreårige på Radøytunet. Det melder Radøy kommune på si heimeside. Ifølge søknaden frå Norsk Folkehjelp skal det busetjast 40 einslege mindreårige på Radøytunet. Anbodsperioden gjeld for tre år, med opsjon for at UDI kan forlenga med ytterlegare tre år. UDI vil koma tilbake til dato for kor tid asylmottaket kjem i drift, skriv Radøy i pressemeldinga.