Hopp til innhold

Har starta søk ved Rokne

Alle naudetatar har rykka ut til ei mogleg paragliderulukke ved Rokne på Voss. – Det var ein annan paraglider som var i lufta som seier han har observert noko han trur kan vera ein paraglider som sit fast i eit tre. Me har kome fram til staden, og har starta søk i området. Luftambulansen er også på veg oppover, seier vaktkommandør Jan Ove Haga i 110-sentralen.