Hopp til innhold

Til sjukehus etter utforkøyring

Ein mann i midten av 30-åra og ei kvinne i midten av 20-åra er sendt til Stord sjukehus etter ei utforkøyring på E39 i Sveio. Meldinga om trafikkulukka ved Førde kom inn til naudetatane klokka 06.30. Europavegen har vore sperra ei stund, men no er det opna for passering i eitt køyrefelt.