Hopp til innhold

Totalforbod mot open eld

Brannsjefane i Lindås, Meland og Austrheim innfører frå i dag totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Årsaka er at det er veldig tørt i terrenget no. Uforsiktig omgang med eld, mellom anna bålbrenning og grilling, er den vanlegaste årsaken til skogbrann. Brannsjefane oppmodar difor folk til å vere forsiktige.