Hopp til innhold

Vestlendingar nøgd med prisen

Vi vestlendingar er mest nøgd med matvareprisane i Norge. Det viser ei fersk undersøking Sentio Research har gjort for avisa Nationen. Heile 61 prosent av vestlendingane synst prisane er ok. Prisen på matvarer her i landet har ikkje auka like mykje som prisane generelt, viser tal frå SSB. No bruker vi under 12 prosent av inntekta på mat.