Hopp til innhold

Stenger ikkje E16

Vegtrafikksentralen fortel at entreprenør har vore ved Dalevågtunnelen på E16, der det er meldt om steinras. Ifølge dei er det snakk om mindre småstein som har kome ned frå låg høgde, og det blir ikkje gjort noko med dette i kveld. E16 er derfor open. NRK får opplyst at vegvesenet skal sjå nærare på staden i morgon når det er dagslys.