Hopp til innhold

Rettssak etter knivdrap

I dag startar rettssaka etter knivdrapet i Fyllingsdalen desember 2014. Ei 35 år gamal kvinne frå Etiopia vart på brutalt vis drepen av 17 knivstikk i ein leilegheit i Vestlundveien. Ein 51 år gamal dansk statsborgar er tiltalt for forsettleg drap. Han erkjenner å ha stukke kvinna med kniv, men hevdar han ikkje ønska å drepe ho. Det er sett av åtte dagar til rettsaka.