Hopp til innhold

Etterlyst etter innbrotsbølge

Politiet etterlyser ei kvinne dei mistenkjer kan stå bak minst eitt av dei mange innbrota i Bergen sør i haust. Totalt 16 innbrot i private bustader er under etterforsking og no har politiet fått treff på fingeravtrykk av kvinna. BA melder at det no er snakk om ytterlegare sju innbrot. Frå før sit ein rumenar i 40-åra i varetekt, sikta for fleire av innbrota. Politiet opplyser til NRK at mannen og den etterlyste kvinna har ein nær relasjon.