Hopp til innhold

Vil fylle fjord for å lage by

Fjorden utanfor Stanghelle i Vaksdal kan bli fylt ut for å skape rom til ein by. Rådgjevingsselskapet Asplan Viak foreslår å bruke stein frå tunnelbygging til å lage nytt land. Ordførar Eirik Haga seier han er positiv til planane som skal kunne heve innbyggartalet på Stanghelle til over fire tusen.

Vaksdal-ordfører Eirik Haga for Arbeiderpartiet
Foto: Oddgeir Øystese / NRK