Hopp til innhold

Bil truffe av ras i Ullensvang

Ein bil er truffe av ras ved Skjeldås i Ullensvang. Politiet er på veg og veit førebels ikkje kor stort raset er. Føraren av bilen er skadd, men meldte sjølv i frå om ulukka. Han skal ha vore aleine i bilen då raset kom, og har meldt i frå om smerter i hovudet.