Hopp til innhold

2100 utan straum

Det er feil i ein transformatorstasjon i Helldal og BKK er i gang med å forsøke å fikse den. – Vi håpar feilen skal vere i orden i løpet av ein til to timar. Vi skal også forsøke å kople om ein del av desse kundane, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tunvin i BKK. Dei veit førebels ikkje kva som årsaka til straumbrotet. Totalt er det 2100 BKK-kundar på Nesttun, Midtun og Helldal som er råka.