Hopp til innhold

Fekk nei til Lar-graviditets-senter

I byrjinga av januar søkte bl.a. Barneklinikken og Avdeling for rusmedisin i Bergen helsemyndigheitene om eit nasjonalt kompetansesenter for forsking på risiko i graviditet og seinskadar for barn fødd av mødre i Lar-behandling. Helse Vest avviste å sende søknaden vidare til departementet, skriv BT. – Ein oppfattar ikkje eit slikt nasjonalt senter som eit eigna verkemiddel, seier Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest.