Hopp til innhold

Omlag 900 må gå i Aker Solutions

Inntil 900 personar kan miste jobben eller bli omplassert i kriseramma Aker Solutions, skriv dei i ei pressemelding. Dette er om lag ein fjerdedel av selskapet sine tilsette i Norge. Dei tilsette blei orienterte om planane på eit allmøte i dag, ifølge Stavanger Aftenblad. Rundt halvparten av stillingane vil forsvinne umiddelbart skriv avisa. Kutta vil ramme tilsette både på land og offshore.