Hopp til innhold

Byggjer støyskjerm i Fana

Statens vegvesen byggjer 400 meter med støyskjerm på anleggsvegen langs Hamrevegen i Fana. Skjermen vert montert for å minska ulempene med støy for innbyggjarane i Titlestad-området medan anleggsarbeidet pågår. Anleggsvegen skal verta gang- og sykkelveg når arbeidet er ferdig i 2022.

Støyskjerming E39
Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen