Hopp til innhold

Brann i buss sløkt

Brannen i ein buss ved terminalen på Lagunen vart sløkt av snarrådige sjåførar på staden. – Det var ikkje folk i bussen. Den stod parkert der sjåførane har pause. Kranbil er på veg for å ta bussen med seg, seier Arne Korneliussen på 110-sentralen. Røykutviklinga starta i venstre forhjul, som truleg har låst seg under køyring.