Hopp til innhold

Ny rekord for Sindri Thor Jakobsson

Bergens-symjaren Sindri Thor Jakobsson sette ny norsk rekord i 200 meter medley under kortbane-EM i symjing i dag. Den nye norske rekorden på 1.56,15 haldt ikkje til ein finaleplass. Jakobsson enda som nummer 14, og Markus Lie blei nummer 20 i same øving. Ryggspesialisten Lavrans Solli frå Bergens Svømme Club fikk det tungt på 50 meter fri. Tida 22,91 holdt berre til 59.-plass for 23-åringen. Sverre Næss symde inn til 19 plass på 100 meter bryst.