Hopp til innhold

BIL I FJELLVEGGEN:

Naudetatane rykka like etter klokka 20 ut til ei trafikkulukke på fylkesveg 565 nord for Austmarka på Radøy. Ein bil var involvert. – Sjåføren får behandling av ambulansepersonell, og så langt har vi ikkje fått melding om at vedkommande er alvorleg skadd, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar i hordalandspolitiet.