Hopp til innhold

MANN (27) TIL SJUKEHUS:

Ein 27 år gamal mopedførar er sendt til Haukeland etter trafikkulukka på Askøy. Mellom Follese og Strusshamn har mopeden kollidert med ein lastebil. – Han har smerter i ein fot og i hovudet, men var vaken då ambulansen tok han med, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.