Hopp til innhold

FIRE VEKER VARETEKT:

Mannen som er sikta for overfallsvoldtekt på Nygårdshøyden natt til 16. juli blei i dag varetektsfengsla i fire veker. Politiet ba om varetekt fordi dei fryktar den sikta, som er ein rumensk mann i 30-åra, skal rømme. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.