Hopp til innhold

LETTARE SKADD ETTER ULUKKE:

Tre personar vart lettare skadd i trafikkulukka i Rong søndag kveld. Ein bil på veg ut i hovudvegen i krysset ved Austmarka, kolliderte med ein bil som kom sørover på Fv. 561 i 80-sona. Dei tre som sat i den bilen er sendt til Haukeland. – Det er sannsynlegvis snakk om brot på vikeplikta. Sjåføren har fått førarkortet fråteke, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.