Hopp til innhold

127.000 FISK RØMT ETTER NINA:

127 000 laks og regnbogeaure har rømt frå oppdrettsanlegg i Hordaland etter ekstremvêret Nina. Det syner nye tal frå Fiskeridirektoratet. Før Nina rømte 18.000 laks, dermed er talet på rømte oppdrettsfisk i Hordaland oppe i 145.000 så langt i år. Talet kan syne seg å verte endå høgare. Årsaka er at ein endå ikkje veit om det har rømt fisk frå anlegga ved Brandaskuta i Kvinnherad, Otterholmen på Radøy og Lyngnes i Fusa.