OPE HEILE DAGEN:
Eikedalen Skisenter har for første gang halde ope heile dagen på ein 1. juledag. Grunnen er det fine véret og at det har kome så mykje snø, opplyser skisenteret i ei pressemelding. Mellom 600 og 700 har besøkt skisenteret i dag. Sjå oversikt over forholda i alle alpinanlegga i fylket på nettsida skiinfo.no.