Hopp til innhold

HELSE BERGEN FÅR NASJONALT ANSVAR:

Helse Bergen får det nasjonale ansvaret for å sende helsepersonell til kampen mot ebola i Afrika. Norge skal bidra i eit britisk naudhjelpsprosjekt ved eit behandlingssenter aust for Freetown i Sierra Leone, skriv Helse Bergen i ei pressemelding. Deira oppgåve blir å ta i mot lister over personar som har meldt frå til Helsedirektoratet at dei vil bidra. Behovet er størst for sjukepleiarar, legar og bioingeniørar.