Hopp til innhold

KØYRDE I FJELLVEGGEN:

Fire personar blei lettare skadde då ein bil køyrde i ein fjellvegg på Bømlo rett før midnatt. Ulykka skjedde på fylkesveg 542 ved Siggjarvåg. Bilen fekk store skadar i kollisjonen. Politiet opplyser at dei har tatt førarkortet frå den 19 år gamle bilføraren.