Hopp til innhold

MÅ SLUTTE I BRANN:

Hassan El Fakiri og Tomi Markovski får ikkje forlenga kontraktane sine i Brann. – Det skal kuttast kostnader, og me klarer ikkje det utan at det går ut over trenarteamet rundt A-laget også. Difor er dei to informert om at me ikkje er i stand til å tilby dei nye avtalar, seier dagleg leiar Roald Bruun-Hanssen.