Hopp til innhold

FORSØKTE Å RANE DAME:

I området Kaigaten/Marken har ein person prøvd å stele ei veske frå ei kvinna. – I tjuveriforsøket skal kvinna ha blitt skubba over ende. Vi er litt usikre på kva som har skjedd og skal snakke med ho no, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor i politiet. Ein mistenkt vart pågripe av politiet kort tid etter.