Hopp til innhold

LÅGARE ARBEIDSLØYSE:

Sesongjusterte tal viser at det var 129 færre personar utan arbeid i Hordaland frå juni til juli, noko som er ein nedgang på 2,1 prosent, melder Nav Hordaland. – Når me ser at sesongjustert ledighet faller to månader på rad, så er det meir sannsynleg at me no ser et trendskifte, seier assisterande fylkesdirektør Tommy Johansen i ei pressemelding.