Hopp til innhold

RØLDALSTUNNELEN STENGT:

I forbindelse med trafikkulukka ved Røldalstunnelen på E134, er tunnelen stengt. Ifølge 110-sentralen i Hordaland er det ein bil som har køyrt utfor vegen aust for tunnelen. – Bilen ligg 30 meter nede i ein skråning. Personane skal vere ute av bilen, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen. Politiet skriv at det er to bilar involvert. Omstenda er førebels uklare og skadeomfanget er ikkje kjent.