Hopp til innhold

TAKKAR NEI TIL NOMINASJON:

Anne Grete Strøm-Erichsen har takka nei til å stå på Arbeidarpartiets liste til kommunevalet i Bergen i 2015. Det skriv Bergensavisen. Den tidlegare ordføraren, byråden og statsråden er glad for støtta frå Ap sitt lokallag, men seier til avisa at yngre folk bør overta i Bergen. Ho utelukkar likevel ikkje å stille til val ved eit seinare høve.